lørdag 24. april 2010

Den sjuande Tenklubben i 2010

Tenklubben fredag 23. april var fredagen då folk hadde funnet ut at dei ikkje skulle komme. Det var fredagen då andaktshaldaren ikkje dukka opp, då The PrayHouseBand måtte spilla for halv kapasitet, og då enkelte syns at Londons smog og virvar frista meir enn Ytre Arnas sjarm og fantastisk kjekke ungdom.

Den sjuande Tenklubben i 2010 var fredagen, då Bjarte tok ein andakt på sparket, då Tenklubben FC fekk sin velfortjente heder og applaus for 1. plassen i NH-cupen 2010, då kaféen bunga over av duftene snurrer, vaniljeboller, sjokoladekake, smågodt og godt trekte pølser. Dette var kvelden då vi fekk høra om verdenshistoriens viktigaste ”før og etter”, då folk fekk utfordra seg i bordtennis, biljard og fotballspill, og dei som hadde gleda seg til bilbanekjøring måtte venta to veker til.

Dette var kvelden då folk kosa seg med venner, spill og god mat, då nokon fekk vist seg fram i helsetrøye, og andre trekte seg tilbake og heller slappa av i kafeén.

Tenklubben fredag 23. april var fredagen då dei som ikkje kom verkeleg gjekk glipp av noko, og då Gud hadde ein an plan enn det vi hadde planlagd på forhånd.


25 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 31 Difor må de ikkje vera urolege og seia: 'Kva skal vi eta?' eller 'Kva skal vi drikka?' eller 'Kva skal vi kle oss med?' 32 For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. 34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Matt. 6, 25-34

2 kommentarer:

arne sa...

Eg er stort sett meget fornøyd med luftkvaliteten...

jørgen sa...

Bra skrevet Ingebjørg.. Gud e berre heilt KONGE. Amen til Sandra sin kommentar..